Protokoll frå møte i Bygland og Årdal sokneråd
Tid: 5. november 2025, kl. 18:00
Stad: Bygland kyrkjekontor
Medlemer til stades: Ann-Cecilie Andersen, Øivind Aakhus, Liv Sigrun Upsal, Susanne Hegenscheidt, Ivar Harry Dahl, sokneprest Kristine Borgen
Andre til stades: kyrkjeverje Anne Synnøve Ropstad
Protokollførar: Anne Synnøve Ropstad
Kristine Borgen opna med likninga om den miskunnsame samaritan og bøn.
29/25 FR Godkjenning av innkalling og protokoll
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Framlegg til vedtak: Innkalling og saksliste godkjennast.
Vedtak: Soknerådet godkjente innkalling og protokoll.
30/25 SR/FR Orienteringssaker
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Orienteringssaker
1) ERV har hatt kontroll av flombelysning, det elektriske og brannvern på kyrkjene. Flombelysninga på Sandnes kapell er ute avdrift. Dette skuldast kablar som er øydelagde. Desse må skiftast ut. Vi har fått eit tilbod frå ERV om å fikse dette. Tas opp som eigen sak. Sandnes kyrkje har og dårlege kablar. Desse må og skiftast ut i nær framtid. Elles er det gjort justeringar på anlegga i dei andre kyrkjer, så alle fungerer som dei skal no. Når det gjeld brannvarslingsanlegg er kontroll gjort etter planen og alt er i orden.
2) Overgangen frå Kirkedata til Kirkepartner må utsetjast på grunna av oppsigelsesfristen til kirkedata er 1.oktober.
Kyrkjeverja jobbar vidare med dette.
3) Austad kyrkje – stoda no.
Det er sendt inn oppmoding til kommunen om å gjenopne Austad kyrkje for heilårsdrift. Det vart algt ved både tilbod frå ERV, som vant anbodsrunden, på opning for heilårsdrift og for sommardrift.
4) Møte med kommunen
Kommunen varslar innstrammingar som følgje av lågare inntekter. Dette vil òg ramme kyrkjeleg fellesråd. Ein jobbar no administrativt med kommunen for å lage ein plan for drift av bygg og kyrkjelyd. Kyrkjeverja anbefaler at ein tar opp dette som tema på workshopen SR/FR skal ha i februar 2026.
5) Både orgel og flygel er kjøpt inn, og vi jobbar med støtte til dette og med transport av instrumenta til kyrkjene.
Flygelet vert transportert til Bygland før 16.11, så det er klart til diakonigudstenesta. Då vert pianoet frå Bygland frakta vidare til Åraksbø.
For å ta vare på instrumenta våre må vi no sette på varme i kyrkjene våre, sånn at det alltid er minst 10 grader.
6) Soknepresten orienterer
Vi hadde ein flott presentasjonsgudsteneste av konfirmantane. Der var òg tårnagentar med. Det var 8-9-åringar som hadde ei samling på laurdag, i tillegg til å vere med på gudstenesta sundag.
Ein ser eit stort behov for å få nye salmebøker. Dette må vi ta opp i samband med handteringa av budsjettet for 2026.
Julesamlingar med skule er under planlegging, det same er julegudstenestane.
Framlegg til vedtak:
Soknerådet tek saka til orientering.
Vedtak: Sokneråd og fellesråd tek saka til orientering.
31/25 FR Budsjetthandsaming
Sakshandsamar: soknerådsleiar/kyrkjeverja
Det føreligg eit budsjett i underskot. Dette skyldast i hovudsak aukte driftsmidlar. Vi må diskutere kva vi vil gjere med dette.
Framlegg til vedtak: Budsjettforslaget godkjennast og oversendast kommunen til orientering.
Vedtak: Fellesrådet ser kor mykje det har å seie korleis kommunen handterer situasjonen knytt til Austad kyrkje. Difor utsettast budsjetthandsaminga til etter vedtaket frå kommunestyret.
32/25 SR Gudstenesteplan 2026
Sakshandsamar: soknepresten
Vedlegg
Vi må og fordele offer for 2026.
Framlegg til vedtak:
Soknerådet vedtek gudstenesteplanen for 2026, samt offerlista for 2026.. Soknerådet ser gjerne at ein kan få til fleire gudstenester eller andre arrangement i kyrkjene som ikkje er forordna, men som er i regi av friviljuge.
Vedtak:
1. Soknerådet vedtek gudstenesteplanen for 2026. Soknerådet ser gjerne at ein kan få til fleire gudstenester eller andre arrangement i kyrkjene som ikkje er forordna, men som er i regi av friviljuge.
2. Offerlista utsettast til neste møte.
33/25 FR Møteplan, 2026
Sakshandsamar: kyrkjeverja
SR/FR 14.01, 04.02, 18.03, 29.04, 13.05, 10.06. Workshop 04.02
Framlegg til vedtak: Soknerådet vedtar forslaget til møteplan for 1.halvdel av 2026.
Vedtak: Soknerådet vedtar forslaget til møteplan for 1.halvdel av 2026, med endringa at 13.05 flyttast til til 27.05. SR/FR 14.01, 04.02, 18.03, 29.04, 13.05, 10.06. Workshop 04.02
34/25 SR Konsert med High Road
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Finsland Gaither Music Club får High Road til Norge i august 2026, og spør om vi vil ha besøk av dem 20.08. KVS Bygland, Harry Andersen og Olav Nilsen vil organisere det heile, men vi må stå som garantister for det økonomiske. Det vert om lag 30 000,-, som dei meiner å få dekt inn i billetter og liknande.
For oss kan det jo og vere ein del av konfirmant-kickoff, og kanskje og i samarbeid med fleire kyrkjelyder som Evje og Åseral.
Framlegg til vedtak: Soknerådet ser positivt på samarbeidet om besøket frå High Road, og vil stå som garantist for det økonomiske inntil 30 000,- . Soknerådet oppmodar til samarbeid med dei andre kyrkjelydene.
Vedtak: Soknerådet ser positivt på samarbeidet om besøket frå High Road, og vil stå som garantist for det økonomiske inntil 30 000,- . Soknerådet oppmodar til samarbeid med dei andre kyrkjelydene.
35/25 FR Refohandling av driftsavtale med kommunen
Sakshandsamer: Kyrkjeverja
Vedtak: Fellesrådet gjev kyrkjeverja og soknerådsleiar fullmakt til å reforhandle driftsavtalen med kommunen.
36/25 FR Flombelysning av Sandnes kapell
Sakshandsamer: Kyrkjeverja
Vedtak: Fellesrådet vil at flombelysninga på Sandnes kapell skal fiksast før vinteren, og ber kyrkjeverja sette i gong arbeidet med dette.