Protokoll
Protokoll frå møte i Bygland og Årdal sokneråd
Tid: 7. oktober 2025, kl. 18:00
Stad: Bygland kyrkjekontor
Medlemer til stades
Gro-Tove Frafjord Sandnes, Ann-Cecilie Andersen, Øivind Aakhus, Liv Sigrun Upsal, Susanne Hegenscheidt, Ivar Harry Dahl, sokneprest Kristine Borgen
Andre til stades:
kyrkjeverje Anne Synnøve Ropstad, organist Eirik Hodnemyr, Mats Hansen
Protokollførar: Eirik Hodnemyr (på vegne av kyrkjeverja)
Mats Hansen hadde ei opning, med ord frå Paulus brev til kolossarane, og bøn.
23/25 FR Godkjenning av innkalling og protokoll
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Framlegg til vedtak:
Innkalling og saksliste godkjennast.
Vedtak:
Soknerådet godkjente innkalling og protokoll.
24/25 SR Orienteringssaker
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Orienteringssaker
- Konfirmantopplegget
Konfirmantundervisinga er i gong, fyrste undervising i dag. Det er 7 konfirmantar i 2025. Me nyttar eit opplegg som heiter «Kristuskransen». I dag vart me litt kjend med kyrkjerommet, og hadde pizza på Vonheim bedehus. Etter konfirmantundervisinga var det foreldremøte. Soknepresten og kateketen arbeider vidare med å planlegge vårsemesteret.
- Datasystem
Me er i gang med overgang frå Kirkedata til Kirkepartner.
Det er noko kaos med tanke på datasystem og kontorfunksjonane. Dette løyser seg, men skapar ein del bry for kyrkjeverja og soknepresten.
- Kyrkje-skule-samarbeid
Soknepresten har hatt ein samtale med rektor ved Bygland skule, og me tek sikte på å ha ei jolesamling før skuleavslutninga i desember. Det er òg tanke å arrangere samlingar før dei andre høgtidene, om enn på skulane der det er vanskeleg å kome til kyrkja.
- Samarbeid med friviljugsentralen
Kyrkjeverja har hatt nokre samtalar med leiaren av friviljugsentralen. Ho har ytra ynskje om å starte «lågterskel-bibelgruppe». Dette arbeidast med frå vår side.
Kan ein arrangere t.d. bibeltimar, kulturarrangement, temakveldar om tru og undring, osv.? Korleis kan kyrkja vere til stades i livet i den einskilde – dette går noko inn i sak 25/25.
- Rekneskapen til og med september, og årsprognosen
Rekneskapen var vedlagt innkallinga.
Framlegg til vedtak:
Soknerådet tek saka til orientering.
Vedtak:
Soknerådet tok saka til orientering.
25/25 SR Kva for kyrkje vil me vere i Bygland?
Sakshandsamar: soknerådsleiar/kyrkjeverja
Framlegg til vedtak:
Utarbeidast i møtet.
Handsaming i møtet:
Det er viktig å tenkje pragmatisk om konfirmasjonsgudstenester. Me har ikkje høve til å sende presten på konfirmasjonsgudstenester fleire dagar i løpet av eit år. Difor må me kanskje arrangere fleire konfirmasjonsgudstenester same dagen, for å utnytte ressursane på ein betre måte.
Soknerådet ynskjer å vedta eit prisregulativ for kyrkjelege handlingar med tanke på personar busett utanfor soknet. Kyrkjeverja undersøker korleis dette er utført i andre samanliknbare sokn. Dette vert satt opp som eige sak i soknerådet.
I framtida må me vere gode på å rapportere på aktiviteten i samband med kyrkjeleg undervising (tidlegare kalla trusopplæring). Dette er fordi dette heng saman med dei statlege tilskota me får via Agder og Telemark bispedøme.
Kyrkjeverja har hatt møte med KVS Bygland, og ein har tanke om å samarbeide om noko mellom kyrkja og deira diakonilinje. Kanskje ein kan arrangere gudstenester for ungdom saman? Kan me dra veksel på KVS Bygland i samband med kyrkjeleg undervising, t.d. konfirmantundervisinga?
Er det mogleg å samarbeide med den kommunale ungdomsklubben, for å ha eit tilbod om ein «hengestad». Her er det mange potensielle samarbeidspartnarar, t.d. KVS Bygland, «Torsdagsklubben» på Fredheim bedehus, osv. Kommunen har gode og eigna lokalar.
Ann-Cecilie Andersen foreslo «Kyrkjeleg kulturveke». Dette tykkjer organisten var ein utruleg god idé.
Vedtak:
Soknerådet diskuterte saka og er einige om fylgjande prinsipp:
- Soknerådet ynskjer kyrkjelege handlingar i alle kyrkjene i soknet.
- Soknerådet ynskjer eit større fokus på «bygging» av kyrkjelyd.
- Soknerådet arbeider vidare med å auke dei økonomiske rammene for å kunne oppretthalde og auke aktiviteten.
26/25 FR Instrument i kyrkjene
Sakshandsamar: organisten
Framlegg til vedtak:
Soknerådet vil gjerne gjennomføre tilrådingane som skildra i saka, og behandlast i samband med budsjett og samtalane med kommunen. Samstundes startar me prosessen med å samle inn eksterne middel.
Vedtak:
Soknerådet vil gjerne gjennomføre tilrådingane som skildra i saka, og handsamast i samband med budsjett og samtalane med kommunen. Samstundes startar me prosessen med å samle inn eksterne middel.
27/25 FR Møteplan, 2025
Sakshandsamar: kyrkjeverja
Framlegg til vedtak:
Soknerådet stadfestar fylgjande møtedatoar for resten av 2025:
- tysdag, 4. november, kl. 18:00
- tysdag, 9. desember, kl. 18:00
Handsaming i møtet:
Forslag framsett i møtet:
Soknerådet stadfestar fylgjande møtedatoar for resten av 2025:
-
- onsdag, 5. november, kl. 18:00
- onsdag, 10. desember, kl. 17:00, med joleavslutning for sokneråd og tilsette
Vedtak:
Soknerådet stadfestar fylgjande møtedatoar for resten av 2025:
- onsdag, 5. november, kl. 18:00
- onsdag, 10. desember, kl. 17:00, med joleavslutning for sokneråd og tilsette
28/25 FR Angåande opning av Austad kyrkje
Sakshandsamar: soknerådsleiar
Saka vart meldt opp på sakslista under møtet.
Framlegg til vedtak:
- Soknerådet ynskjer å opne Austad kyrkje.
- Soknerådet vedtar å gje fullmakt til soknerådsleiaren og kyrkjeverja å gå i dialog med Bygland kommune for å finne naudsynt finansiering for å opne Austad kyrkje heilt eller delvis for kyrkjelege handlingar.
Handsaming i møtet:
Gro-Tove Frafjord Sandnes har hatt ein samtale med ordføraren angåande Austad kyrkje. Etter konserten som vart arrangert i sommar, har det vore arbeida administrativt og politisk i Bygland kommune om opning av kyrkja. Det er eit ynskje frå kommunen at soknerådet vedtar å be kommunestyret om finansiering av tiltak som kan opne kyrkja, heilt eller delvis.
Strauminntaket i Austad kyrkje må erstattast. Vidare må ein gå gjennom tilbodet frå Evje Elektriske AS for å sjå kva tiltak som er naudsynt for opning av kyrkja.
Vedtak:
- Soknerådet ynskjer å opne Austad kyrkje.
- Soknerådet vedtar å gje fullmakt til soknerådsleiaren og kyrkjeverja å gå i dialog med Bygland kommune for å finne naudsynt finansiering for å opne Austad kyrkje heilt eller delvis for kyrkjelege handlingar.
Eventuelt
- Gro-Tove Frafjord Sandnes ynskjer at me set av ein heil dag med sokneråd og tilsette for å ha «workshop» om aktiviteten i kyrkjelyden. Soknerådsleiaren og kyrkjeverja arbeider vidare med dette, med sikte på å halde dette på nyåret.